Produkta våre Yoghurt Naturell er laga av pasteurisert mjølk og smakar frisk og litt syrleg. Den kan nytast saman med kornblandingar, nøtter, frukt eller honning, og egnar seg i dessertar, dressing, dippar, kalde sausar og bakverk. Yoghurt Naturell Lett er laga av pasteurisert skummamjølk og smakar frisk og litt syrleg. Den kan nytast saman med kornblandingar, nøtter, frukt eller honning, og egnar seg i dessertar, dressing, dippar, kalde sausar og bakverk. Yoghurt Tyttebær er laga av pasteurisert skummamjølk og tilsett sukker og tyttebær. Den er god åleine, eller ein kan tilsette havregryn, nøtter eller kornblanding etter smak. Yoghurt Søt er laga av pasteurisert heilmjølk og tilsett sukker for å gi rundare smak. Den er god åleine, eller ein kan tilsette bær, frukt, nøtter og kornblanding etter smak. Rømme er laga av pasteurisert og syrna fløte. Ekstra feit og frisk. Må røyrast opp før bruk! Perfekt til middagsmat eller bakels! Rømme med tyttebær er laga av pasteurisert og syrna fløte og mjølk. Tilsatt tyttebær og sukker. Passar utmerka til haustens lam eller viltmiddag! Ferskostkuler i krydderolje er forma av ferskost naturell og marinert i krydra rapsolje. Ypperleg til tapas, spekemat, på kjeks, til brødmat eller i salaten. Ferskost Naturell er laga av pasteurisert og syrna skummamjølk. Syrleg smak. Fin å smaksette sjølv, med f.eks. peppar, olivenolje, basilikum, syltetøy eller soltørka tomat. Prøv deg fram sjølv! Og egna til ostekaker og anna bakst. Gamalost er laga av syrna skummamjølk og poda med vår eigen lokale kultur. Kontakt oss post@todalenmeieri.no952 45 921 / 920 90 457Todalen Meieri,Todalsvegen 1376,6645 TodalenFølg oss på Facebook!