Meieriet vårt ligg i Todalen på Nordmøre, ei bygd som er ein av innfallsportane til Trollheimen. Nærleiken til rein natur, friskt luft og klårt vatn gir gode forutsetningar for å drive jordbruk her. All mjølka vi brukar i våre produkt blir nøysamt produsert i Utigarden på Kvendset.
Gamle Todalen Meieri vart lagt ned tidleg på 60-talet. I tillegg er det lange tradisjonar med setring i fjelldalane som omgjev bygda. Vi har henta inspirasjon og kunnskap frå det som har vore før oss, til å ta vare på den fantastiske råvara som mjølka er!